South Park er kanskje ikkje eit TV-program som når alle generasjonar, men med den episoden eg skal skrive om no, tør eg påstå at produsentane har teke tak i ein problemstilling som folk i alle aldersgruppar har ein meining om (og om ein ikkje har ein heilt klar meining, får ein seg i alle fall ein god latter eller ti, når ein ser denne episoden). "Grey Dawn" handlar nemleg om at staten Colorado tek inn alle pensjonistar sine køyrekort grunngjeve med ein serie dødsfall som følgje av trafikkulykker der eldre menneske var sjåførar. Det går likevel ikkje upåakta hen då pensjonistane forenar seg og inntar vegene som aldri før. Det gjer det lille samfunnet i South Park til eit villt eit, med ekstreme tilstandar og hendingar, samt stor frykt blant trafikantane i byen. Anbefalast på det sterkaste, om du er pensjonist (med eller utan køyrekort) eller ikkje.
http://www.southparkstudios.se/episodes/710/
mandag 8. februar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar