I novella Matt. 18.20 kjem me rett inn i ein situasjon frå starten, nemleg gudstjenesten. Presten siterer frå Matteus 18.20: «for hvor to eller tre er samlet i mitt navn, der er jeg midt iblant dem.» Etter det kjem det som vert vendepunktet; det kjem ein neger inn i kyrkja. Det vekkar stor oppmerksomhet etter kvart som han ikkje vil flytte seg, men tvert om berre vert ståande midt på kyrkjegolvet. Formaningane om at han bør gå utviklar seg raskt til skriking og vald for at han skal ha seg ut av dei kvite menneskas kyrkje. Ein seier "Har dere ikke kjerker nok for dere sjæl?" og ei anna seier "Tenk at vi ikke kan få være i fred for dem selv her i kirken.". Dette siste syntes eg er ironisk fordi dei kvite kjenner seg tydelegvis forfulgt og/eller begrensa av dei svarte, og er oppskakne over at dei ikkje kan få "vere i fred" for dei svarte. Dette er vel så langt frå kva som er rimeleg å kjenne som mogleg når det gjeld kven som i realiteten er forfulgt, begrensa og ikkje får vere i fred, når svarte og hvite segregerast.
Temaene i novella Matt. 18.20 trur eg er rasisme fyrst og framst, men og at dei kvite kan ha veldig lite sjølinnsikt mellom anna når dei klager over at dei ikkje får vere i fred for dei svarte, men også når deg sender bort og mishandlar han som seinare i novella kan sjå ut til å vere Jesus sjøl, slik presten fyrst siterte frå Matteus 18.20.
Novellen Matt. 18.20 har fleire verkemedel, men eit av dei mest interessante syntes eg er bruken av ironi med det nemnte eksemplet om at Jesus kom midt iblant dei og at dei kjende at dei ikkje kunne vere i fred for dei andre og ikkje motsatt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar